Næringsutvikling

Å bidra til utvikling av lokalt næringsliv er ein viktig del av engasjementet rundt samfunnsutvikling.

Fusa Utviklingsselskap AS vart etablert som eit samarbeid mellom Fusa Kraftlag og Fusa Kommune i 2007 for å bidra til næringsutvikling i kommunen og for å leggja til rette for tomter for bustadbygging. Dei siste åra har arbeidet i Fusa Utviklingsselskap hovudsakleg handla om utvikling av bustadtomter.

Fusa Kraftlag SA ønskjer å vera synleg i næringslivet i kommunen og etter kvart også i nye Bjørnafjorden kommune.

I samband med opning av Gründerparken i Eikelandsosen har kraftlaget inngått ein sponsoravtale med Bjørnefjorden Gründerpark for å bidra til at Gründerparken har mogelegheit til å ha god aktivitet i oppstarten. Med denne avtalen har me også tilgang til å bruke lokala til Gründerparken både i Eikelandsosen og på Os, me ser fram til god nettverksbygging med næringslivet framover.

Skaparkraft er eit prøveprosjekt hausten 2019 der me ønskjer å bidra til at bedrifter/personar med ein god forretningsidé skal få mogelegheit til å jobba litt med idéen sin saman med rådgjevarar, i tillegg er det mogeleg å vinne støtte frå kraftlaget til vidareutvikling. Me gjer dette for å bidra til aktivitet i Gründerparken i Eikelandsosen og synleggjering av kraftlaget i næringslivet i Bjørnafjorden kommune. Ekstra bonus kan vera at det finns ein idé der ute som me kan knyta til oss i vidare utvikling av vårt selskap?

Fusa Kraftlag er medlem i Bjørnafjorden Næringsråd som vart etablert i 2018 då Fusa Næringslivslag og Os Næringsråd slo seg saman. Næringsrådet har sine arrangement i Gründerparkane i Eikelandsosen og på Os. Omlag ein gang i månaden vert det for eksempel arrangert frukostmøte med gode relevante tema for næringslivet. Like viktig som fagleg påfyll er nettverksbygging mellom bedrifter lokalt.