Forskottering

Forskottering av midlar til vegbygging - riks- og fylkesvegar

VegpningWeb.jpg

God kommunikasjon er ein vesentleg føresetnad for utvikling av næringsliv og busetjing.

Køen av vegprosjekt som ein ønskjer vert gjennomført, er langt større enn tilgjengelege midlar. Myndigheitene har opna opp for samarbeid med andre om finansieringa av enkeltprosjekt. Gjennom forskotteringsordninga har me difor kunna påverka prioriteringa for både riks- og fylkesvegar. Her har Fusa Kraftlag SA hatt ei nøkkelrolle som ein av dei største bidragsytarane til forskottering av vegar i kommunen.

Det er to vegstrekningar, Riksveg 48 frå Samnanger til Kvam og fylkesveg 122 Fusa - Strandvik me har konsentrert oss om.

Første forskottering til RV 48 i 2000, omhandlar parsellar heilt i sør, på grensa til Kvam. Sidan er det forskottert 55 mill. kroner til Holmefjord- parsellen, 55 mill. kroner til Moshovdatunnellen og 30 mill. kroner til Tysse-tunellen.

Samla har Fusa Kraftlag SA bidrege med 28,5 mill. kroner til forskottering av fylkesveg 122 Fusa - Strandvik.

Alt i alt har Fusa Kraftlag løyvt 173,7 mill. kroner som forskottering til vegar. Dette er eit stort løft, som årleg kostar mange millionar kroner i renter. Me har tru på at det er vel anvendte pengar, som bidreg til den utviklinga av lokalsamfunnet som medlemmane i Fusa Kraftlag SA har sagt dei ønskjer me skal delta i.

Tilskot til og forskottering av kommunale og sentrale løyvingar til idrettsanlegg.

BygdastlenWeb.jpg

Ved utbygging av nye anlegg for idrett og kultur, er tilskot frå tippemidlar ei viktig finansieringskjelde. Det kan ta fleire år frå ein sender søknad om støtte/vert tildelt støtte, til pengane vert utbetalt. Fusa Kraftlag SA har i slike høve gått inn og forskottert tippemidlane.

Gjennom denne forskotteringa har det vore mogeleg å byggja ut anlegga langt tidlegare enn om ein skulle venta i køen. Med trange kommunale rammer for bygging av idrettsanlegg, har det vore vanskeleg for Fusa kommune å følgja opp med midlar i høve til mange gode prosjekt.

Også her har kraftlaget gått inn og forskottert kommunen sine anleggstilskot etter at kommunen har gjort vedtak om at tiltaket vil få kommunal støtte.

I enkelte tilfelle der forskottering av tippemidlar og kommunale løyvingar ikkje har vore tilstrekkeleg, har kraftlaget gått inn og gitt direkte tilskot eller lån til anlegga.

Gjennom denne forskotterings- og tilskottsordninga har kraftlaget i sterk grad vore med på realiseringa av dei fleste anlegg som har vorte bygd i vårt lokalmiljø dei siste åra.

Nokon prosjekt der Fusa kraftlag SA har delteke:

  • Gåve på 10 mill. kroner til fleirbrukshallen Fjorden arena, som var ferdigstilt i 2019.

  • Rulleskibane på Holdhus

  • Veg til Bygdastølen skianlegg

  • Bygdastølen skianlegg

  • Fusa Ridehall

  • Innandørs skytebane i Strandvik

  • Kunstgrasbane i Eikelandsosen

  • Kunstgrasbane ved Nore Fusa skule

  • Strandvik kunstgrasbane og sandvolleyanlegg

  • Sandvolleybane ved Bogøytunet